Ledig stilling

Ledige stillinger per no:

MC-mekanikar, 60-100% stilling.
Vi søker deg som er engasjert, sørvisinnstilt og fagleg dyktig!
Hos oss vil du få ein spanande og tidvis hektisk kvardag i eit av dei største Yamaha-sentera i Noreg. Vi held til i nye, moderne lokale like ved E39 på Sande i Sunnfjord.

Her ynsker vi deg som kan bidra til å utvikle MC-verstaden vår vidare.

Arbeidsoppgåver:
• Sørvis og reparasjon av MC.
• Klargjering av MC, ATV, mindre båtar, utanbordsmotorar og tilhengarar.
• Takst av MC.
• Bistå båtavdelinga ved behov og ledigtid.

Ynskja kvalifikasjonar:
• Førarkort klasse A og BE, gjerne truck.
• Fagbrev MC, bil, motormekaniker eller tilsvarande.
• 3+ års erfaring fra godkjent verkstad.
• Sjølvstendig og fagleg dyktig.
• Gode datakunnskapar, og økonomisk forståing.
• Kunne norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.

Hos oss jobbar vi ilag, for å skape dei beste opplevingar for våre kundar!

Søknad med CV og eventuelle referanser sendast på e-post til alex@doskeland.net
Opplysningar om stillingen fåes ved henvendig til Hans Alexander Døskeland – 958 66 866